I rapporten som er lagt fram om Kolset oppvekst og andre skular i Bremanger er formannskapet si innstilling at om elevtalet går under 13 så vil 5. til 7. klasse bli flytta til ein annan skule.

Irene Storøy (V) agumenterte frå talarstolen for at dette iikkje var ei god nok løsying. Storøy sit også som nestleiar i Foreldreutvalet ved Kolset oppvekst.

- Elevtal og folektal går i bølgjedalar. For ei tid tilbake sleit Ålfoten og Kalvåg. No er det Kolset krins som slit. Eg håpar vi vil snu i denne saka, sa Storøy som peikte på at skule og infrastruktur er viktige argument for tilbakelfytting.

Venstre sitt forslag var at ein innvilgar skular som kjem under 13 elevar to år som udelt skule, dersom foreldra ønskjer det, slik at dei får ein sjanse til å snu utviklinga.

- Det er vanskeleg å flytte elevar tilbake til ein skule. Ålfoten er eit godt døme på at udelt skule kan vere ei god løysing i ein overgangsperiode. Dei dreiv udelt og no har dei både nye elevar og god tilflytting, sa Storøy.

Nina Grotle (Ap) meinte udelt skule ikkje er eit godt alternativ.

- Første til sjuande klasse, alle i same klasserom, det er ei veldig dårleg løysing, sa ho.

Ap foreslo derfor ei løsying der Kolset oppvekst får opprethalde tilbodet som det er, som ein todelt skule, i eitt år, fram til hausten 2017, sjølv om elevtalet skulle kome under 13.

- Eg kan ikkje sjå at udelt skule vil gagne nokon, sa Leo Cirotzki (Ap) som indikerte at han ville følgje rapporten og formannskapet si tilråding om å flytte elevar derom elevtalet blir for lågt.

15 kommunestyrepresentantar frå Sp, SV, Høgre, KrF og Venstre, stemte for Venstre sitt forslag og Kolset skule er dermed sikra to års ekstra drift sjølv om elevtalet skulle bli for lågt.