- Vi førebur oss så godt vi kan. Vi har disponible patruljer i Bremanger i dag, og har eigen brannpatrulje, seier lensmann i Bremanger Hans Rune Strandos.

Følg med på ekstremværet fra vårt webcamera her!

Utfordringa i Bremanger er dei store avstandane. Der er også ei bru, Rugsundbrua, som mest sannsyleg vi kome til å bli stengt i dag, så lensmannen fortel at dei planlegg for det verste.

- Folk blir jo hindra frå å kome seg fram og tilbake. Brannberedskapen er alltid oppe og går, Hauge og Kalvåg har vaktlag, Davik har vaktberedskap, men vi har i tillegg forsterka den i begge endar i dag, seier Strandos, som fortel at dei er i dialog med komunen sin krisestab jamleg.

- Vi har hatt jamlege møte sidan vi fekk meldingar om dette vêret, seier lensmannen, som fortel at Dagmar i 2011 gav mykje lærdom om svake punkt.

- Vil du gje folk nokre råd?

- Det er ein fordel no at uvêret kjem når det er dagslys. Flygande gjenstandar som kjem i 50 meter per sekund i mørket kan vere livsfarlege, seier han.