Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) er nøgd med å sjå at beredskapen i Vågsøy fungerte godt under Tor.

- Branvvesen og teknisk vakt hadde 30 oppdrag, og18 personar ute i felten. Eg meiner dette fungerte veldig godt, seier Kristin Maurstad som likevel ikkje synst det er hyggjeleg å sjå skadane Tor lforårsaka.

- Nei, det er det ikkje, og skadane  på Slestad sitt bygg på Moldøen er nok det verste som har blitt meldt inn. Det var eit trist syn, seier Maurstad som laurdag tok turen for å sjå på omfanget av skade på bygget.

Men alt i alt ser ho at dei samla skadane kanskje er mindre enn ein kunne forventa med tanke på kor sterkt Tor slo til.

- Det var voldsomme krefter i sving, seier ho.

Ekstremværet Tor brakte også med seg vindrekord for Vågsøy. Ifølgje Meteorologisk institutt vart det registrert middelvind på 48,9 meter i sekundet på Kråkenes Fyr.