Formannskapet i Bremanger stemte imot å fortsette dialogen med Flora og Vågsøy om ei eventuell kommunesamanslåing.

Dei ønskjer ikkje å gå inn i forhandlingar om intensjonsavtale fordi dei trur lite på fordelane ved ei slik samanslåing. Dermed er det mest reieleg å stå for det ein trur på, Bremanger som eigen kommune, hevdar fleirtalet.

Charlotte Skjølberg (SV), Kåre Jarl Langeland (V) og Audun Åge Røys (H) stemte for. Dei mener at forhandlingar ikkje forpliktar nokon, og at ein ikkje veit kva ein kan oppnå før ein snakkar saman.

Slik stemte partia på spørsmålet om ein ville gå vidare:

Arbeidarpartiet: Nei (Espen Sortevik og Åse Leirgulen)

Venstre: Ja (Kåre Jarl Langeland)

Senterpartiet: Nei (Marius Strømmen)

Sosisalistisk Venstreparti: Ja (Charlotte Skjølberg)

Kristeleg Folkeparti: Nei (Stig Bakke)

Høgre: Ja (Audun Åge Røys)

No skal kommunestyret diskutere same sak, men tilrådinga frå formannskapet er altså nei.