- Vi seier ikkje nei til å forhandle intensjonsavtale for å vere vanskelege, men vi seier nei på grunnlag av den kunnskapen vi har tileigna oss i saka, skriv kommunestyrerepresentant for Bremanger Arbeidarparti Alice Beate Holm i dette innlegget om Bremanger sitt nei til vidare forhandlingar om samansllåing med Vågsøy og Flora:

I kommunestyresalen på torsdag ga Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Venstre uttrykk for at dersom vi takka nei til å forhandle ein intensjonsavtale med Vågsøy og Flora, så kunne vi berre gløyme at nabokommunane ville samarbeide med oss. «Wow, det var litt hardt» tenkte eg for meg sjølv og drog assosiasjonar til leikeplassen på barneskulen. Eg prøvde meg frå talarstolen; «Det må no gå an å samarbeide sjølv om ein ikkje er ei kommune». Vi har jo fleire interkommunale samarbeid i dag, så kvifor dette skal bli noko vanskelegare i framtida er vanskeleg for meg å forstå.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart kalla for prinsesse vil-ikkje, og Marius Strømmen utnemnde seg sjølv til arving av tittelen etter Karl Vidar Førde. Eg meiner det vert feil retorikk å bruke i denne saka, og rett og slett litt usmakeleg. Vi seier ikkje nei til å forhandle intensjonsavtale for å vere vanskelege, men vi seier nei på grunnlag av den kunnskapen vi har tileigna oss i saka.

Per Røys sto på talarstolen med store håpefulle auge og såg bort på arbeidarpartibenken. Han, og Høgre, meinte det var eit svik mot innbyggjarane i kommunen å seie nei til å inngå i forhandlingane. Tvert i mot – vi har gitt eit løfte til våre veljerar, og då må vi stå for det. Vi fekk ikkje høve til å være tydelege frå starten, for kommunestyret var ikkje informert. Då må vi tydelegvis vere ekstra tydelege no.

Det er vanskeleg å forstå argumenta for kystkommune. At vi vil få fleire arbeidsplassar? Meir tilflytting? Meir næringsutvikling? Her blir det gjettekonkurranse mellom meg og Høgre, men eg har eit himla godt konkurranseinstinkt så eg tek sjansen - det er ingenting som tilseier at ein utkant som Bremanger kommune, skal bli noko mindre utkant i ein større kommune.

Jorun Frøyen samanlikna kommunesamanslåinga med to bedrifter som fusjonera. Tja, er det ikkje slik i forretningsverda at  store bedrifter i større grad kjøper opp mindre bedrifter fordi dei har ein teknologi eller eit delmarked den store bedrifta ønskjer – ei tilnærming som er meir reell i dette høvet. Å bli slukt inn i ein storkommune er ikkje noko ønskjeleg scenario, nettop det å verte slukt av ein større kommune er jo det Florø fryktar ved ein evt samanslåing med Førde. Og å kome med krav om at storkommunen skal heite Bremanger betyr lite når vi misser arbeidsplassar, arbeidsgjevaravgifta stig og grendaskulane våre vert nedlagt.

Gjennom oppveksten har det blitt mange timar i buss mellom Florø og Svelgen fordi foreldra mine valgte å busetje seg slik. Dersom vi fjernar kommunegrensa så vert ikkje reisevegen mellom mamma og pappa noko mindre av den grunn. Vi har for dårleg infrastruktur for at ei samanslåing skal vere tenleg for oss, og det er noko som må på plass før vi kan begynne å diskutere noko samanslåing.

Sjølvsagt skal vi fortsette samarbeidet med Flora og Vågsøy, men også med Eid, Gloppen, Førde og alle andre som Bremanger samarbeidar med i dag.