Namn: Eva Marie Pleym Lund Alder: 46 år Sivilstatus: gift Bustad: Refvik Yrke: kunst- og utrykksterapeut og gravferdskonsulent

– Kva er du mest oppteken av? – Å nå ut til mennesker med empati og kjærleik. Vi er så opptekne av så mykje som gir kortvarig tilfredstillelse. Alle menneske treng å finne at vi er unike og verdifulle akkurat som vi er.

– Kva gjer du på fritida? – Går på fjellet, trenar, syng, målar, nyt livet, og bare er. Eg har også kvalitetstid saman med familie og vener. Og så likar eg å gå på TMFK-kampar når dei vinn.

– Kven beundrar du? – Alle menneske som gir av seg sjølv utan å forvente noko tilbake. Det er ein fantastisk eigenskap.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Naturen og menneska. Det rommar alt eg treng.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Vågsøy kommune kom ut som den beste kommunen å bu i basert på spørrjeundersøkingar over heile landet. Med fokus på vekst og trivsel for alle. – Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Eg ville gitt kommunene beskjed om at frå no av så skal dei få nok pengeoverføringar til å drifte alle sine institusjonar på ein måte som er forsvarleg og bra for både dei som nyttar seg av tenestene og dei som jobbar der.

– Kva kulturoppleving huskar du best? – Tall Ship Race – trass økonomisk baksmell for kommunen, var det ei stor oppleving med alle seglbåtane som kom seglande inn. Vi hadde arrangement på Refvik for turistane som budde her ute og det var veldig kjekt. Bygda stilte på dugnad og vi hadde det kjempekjekt. Mange positive menneske.

– Kva har du på nattbordet? – Høyere Bevissthet - Ei bok av Jes Bertelsen. Og brudebildet.– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Fjesboka, Fjordenes Tidende og Aftenposten.

– Kva er meininga med livet? For meg er det å sjå det store i små ting og vere takksam for kvar dag. Finne gull i alle øyeblikk.