Namn: Hallvard Takset

Alder:  60 år

Sivilstatus: skild, har eit vakse barn

Bustad:  Eidså i Vanylven kommune

Yrke: økonomileiar i Vanylven kommune

– Kva er du mest oppteken av?– Framtida for lokalsamfunn og storsamfunn med spesiell fokus på økonomi og miljø. Skal samfunna overleve på lengre sikt, må vi ha ei berekraftig utvikling både med omsyn til økonomien og til miljøet.

– Kva gjer du på fritida? – Går ein del turar i fjellet i Vanylven og omliggande kommuner. Hadde omlag 160 fjellturar i fjor, sjølv om dei fleste var korte totimars-turar etter arbeidstid.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar sterkt det fagleg dyktige personalet på Mork rehabiliteringssenter i Volda som klarte å få meg opp av rullestolen etter at eg hadde hatt eit alvorleg hjerneslag for vel fire år sidan.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Naturen samt hyggelege og hjelpsame folk i nabolag og nærområde. Spesielt etter at eg fekk hjerneslaget, ser eg kor viktig dette er.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?  – At ein stor næringslivsaktør vil etablere seg i Vanylven kommune eller at det er gjort vedtak om oppstart på Rovdefjordsambandet.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?  – Eg ville prøvd å få kommunestyret til å få lagt kunstgras på sentralbaneanlegget på Eidså slik at vår kommune ikkje lenger var den einaste kommunen på Sunnmøre som ikkje hadde ordinær kunstgrasbane.

– Kva kulturoppleving huskar du best? – Eg og sonen min har ein årleg tur ut i Europa og ser Champions League-fotball. Den kampen eg hugsar best, var på Old Trafford i 2007 då Manchester United slo Roma 7-1.

– Kva har du på nattbordet? – Eg les for tida oppatt Knut Hamsun sin August-triologi og er no i ferd med å avslutte siste boka i triologien.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Nyheitssider, deriblant fjt.no for å få nytt frå Vanylven, fotballsider samt litt næringslivssider.

– Kva er meininga med livet? – Eg har ikkje vore så opptatt av å tenke på meininga med livet, men har heller fokusert på kva ting som gir livet meining.