Havstjerna Eigedom kjøper Bremanger Fryseri-bygget og skal bruke det til landsbase for fiskebåten «Grotle».

Fredag signerte dei kontrakten med dagleg leiar Monika Liseth Dingen i selskapet Bremanger Sea and Residences.

Det er Firdaposten som melder saka.

Bremanger Sea and Residences fekk i 2007 bygget rimeleg fordi dei skulle bruke eigedommen til å bygge fritidsbustader og satse på turisme.

Men prosjektet stranda og bygget har forfalle sidan.

– No skal vi først og fremst få sikra bygget og ta naudsynte reparasjonar i sommar. Så skal vi få sett på straum i dei delane av bygget vi tenker oss kan bli teke i bruk i første omgang, fortel Tonny Grotle til Firdaposten.

Planane deira er å ta vare på heile bygget.

- Vi kjem til å tilby andre fiskebåtar også å leige seg plass og har også gått ut til andre næringslivsaktørar og tilbydd dei å komme og etablere seg i bygget, seier Grotle.

Han ønsker ikkje å snakke om prisen dei betalte for bygget, men etter det Firdaposten kjenner til fekk Monika Dingen kjøpe bygget for 1,5 million kroner i sit tid frå Bremanger kommune.

Grotle rosar Bremanger kommune i kjøpsprosessen.

– Dei har vore veldig hjelpsame for å få dette til, skryt Grotle.