Synnøve Sande er frå Svelgen, og er styreleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors. 8. mai vil ho i år bruke til å sette fokus på situasjonen flyktingar i Norge er i:

Prat med flyktningane – ikkje om dei

Snakkar vi om dei, eller snakkar vi med dei, flyktningane som kjem hit? Viss vi tenkjer oss om – kor mange kjenner vi, eigentleg? Og kvifor skal vi bry oss med det?

Dei budde i feil land, feil by, feil gate då det small. Dei levde livet sitt der bomber og granatkastarar tok over styringa. Dei er krigens offer.

Dei måtte legge ut på reise for å komme seg vekk frå ulevelege forhold. Frå Syria, Irak, Afghanistan og mange andre land. Dei drog for å overleve som menneske eller familie. Flyktningsituasjonen utvikla seg til ei folkevandring vi ikkje har sett maken til sidan 2. verdskrig.

Det er krigens offer Røde Kors vart etablert for å hjelpe for 150 år sidan. Det gjer vi framleis. Røde Kors driv helsehjelp, vi driv flyktningleiarar, skaffar mat og  drikke for offer i og rundt desse landa. Og no er mange blitt våre sambygdingar. Dei er busett her, midt hjå oss, og mange av dei kjem til å bli buande. Det er då vi må stille oss spørsmålet – kva gjer vi for å hjelpe krigens offer - her?

Det er forståeleg at mange tykkjer det er overveldande med mange nye asylsøkarar. Det er forståeleg at mange er engstelege for integreringsprosessen. Det ukjende får fort eit dårleg rykte – som vert ei «sanning» om heile gruppa. Og så held ein seg på trygg avstand.

Lat oss da hugse på at det er opp til oss som bur her å gjere til at situasjonen blir best mogeleg. Både for dei nye og for lokalsamfunnet.

Vi kan byrje med å sjå flyktningane som enkeltmenneske med kvar si historie. Vi må søke fakta og kunnskap, ikkje henge oss på udokumenterte eller stigmatiserande påstandar.

For  å lykkast med å gjere dei til sambygdingar – integrering, som det heiter – må vi tore å vere medmenneske som inkluderer. Vi må behandle asylsøkarar med den same respekten som andre menneske. Sjå på dei som ressursar, slik vi ser mogelegheitene i kvarandre.

Vi kan alle ta ansvar og inkludere. Som naboar, kollegaer, foreldre i same klasse eller idrettslag. Små handlingar i kvardagen. Vi kan slå av ein prat i butikken, invitere nye klassekameratar heim, introdusere nye innbyggarar for idrettslag, kulturtilbod eller foreiningar i nærmiljøet. Vi kan hjelpe flyktningar med å praktisere norsk, knekke dei kulturelle kodane og unngå einsemd - slik at dei kjem i gang og vert bidragsytarar.

Kvar og ein av oss kan ta eit val. Vi kan velje å snakke med dei, ikkje om dei. Det kan gje oss kunnskap. Det kan gje oss venskap.  Det vil gje flyktningane mogelegheit til å bli del av lokalsamfunnet, og starte med å lappe samen sitt eige liv.

Ta sats, og snakk med dei!