Sandvika bustadfelt i Svelgen ber Bremanger kommune om nytt asfaltdekke på vegane.

– Dei kommunale vegne i bustadfeltet er i ein svært dårleg forfatning. Det har tidlegare i år vore køyrt på noko asfalt flekkvis. Dette held ikkje i lengda. Vidare er det slik at også dei private vegane i feltet treng ny asfalt. Dette kan samordnast, skriv Sandvika bustadfelt ved Monique Levang til kommunen.

Levang minner om at det er mange år sidan vegane her fekk nytt dekke.

- Sett i eit prinsipp om likebehandling i det kommunale systemet, ser vi det slik at dei kommunale vegane i bustadfeltet i Sandvika no bør ha prioritet, meiner Levang.