No går det mot advent og jul, ei tid full av høge forventingar og førebuingar. Nokre opplever dette som den beste og varmaste tida på året, med sine ritual, sine rike dufter og velkjende songar. Nokre ser det kanskje meir som eit uroleg jag, der dei materialistiske verdiane overkøyrer den djupare bodskapen som julehøgtida tradisjonelt sett har bore med seg i vår kultur.

- Eg håpar framsyninga «Miriam si forteljing – juleevangeliet» gjev folk rom til å ta ein pause og tenkje over den vakre bodskapen om fred. Dette er ei god moglegheit til ettertanke, og ein pause frå julestresset som snart er over oss, fortel regissør Marit Østbye.

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønske, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt. I Håvard Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under. For også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten.

«Miriam si forteljing – juleevangeliet» er eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

- Det har slege meg at dei fleste songar og salmar vi syng i jula, dei handlar om fred. Og i det kaoset som regjerte på tida for Miriam si forteljing, gjev det verkeleg meining. Men det same er sant i dag. For sjølv om vi her heime kan sjå fram til at julefreden senkar seg, så betyr dette ordet noko heilt konkret for tallause menneske verda over, seier skodespelar Idun Losnegård.

Denne førjulstida er det 12 kyrkjer i Sogn og Fjordane som får besøk av «Miriam si forteljing – Juleevangeliet», deriblant Kjølsdalen kyrkje 5. desember og Leikanger kyrkje på Stadlandet 7. desember.

Fakta om stykket

Av: Håvard RemOmsetjing: Asbjørg LotsbergRegi: Marit ØstbyeLysdesignar: Krystian MyskaMedverkande: Idun Losnegård