Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen, Svelgen, og underteikna «Kinn-motstandar»

Er Vågsøy «dømt» på feil og manglande grunnlag?

På infomøte om Kinn presenterte prosjektrådmann Heggheim flotte planar, visjonar og store ord. Han er ein god taler og gjer jobben han er betalt for. Ordførar Teigen i Flora var truleg veldig fornøgd.

Tenk om Heggheim hadde fått i oppdrag å legge fram ein like flott presentasjon om Vågsøy sine moglegheiter som eigen kommune? Gjerne med Heggheim som rådmann. Truleg kunne det høyrast minst like flott ut?

Når det gjeld næringslivsvekst og utvikling av arbeidsplassar, kan ein sjå at Vågsøy har gjort det betre enn Flora dei siste åra. Stadt Skipstunell er på veg og Nordfjordregionen i seg sjølv er ei suksesshistorie. I Vågsøy vert det no arbeidd med  ulike trivsel og bulyst-tiltak,som kan bidra til auka busetnad. -Kven taler fram Vågsøy sine moglegheiter?

Når rådmann Leite sit i panelet med henda i fanget og hevder at det økonomisk ikkje er mogleg å stå åleine, men at Kinn vil være redninga, så er det ubegripeleg å forstå. Det som ikkje er å oppdrive nokon stad er nettopp utgreiingar og talmateriale som støttar rådmannen Leite og ja-politikarane sin argumentasjon. Ekspertane taler heller for at det er særdeles utfordrande å få ein effektiviserande tenesteproduksjon med eit slikt avstandsekteskap. Sjølv med nokre statlege tilskot ser ikkje Kinn-økonomien særleg lovande ut.

Då Heggheim informerte om økonomiske realitetar valde han å presentere lånegjelda til kommunane med 2016-tal. Her hadde Flora ei samla gjeld på 1,4 milliard. Vågsøy hadde 531 mill. kr. Ein relevant faktainformasjon som Heggheim ikkje sa noko om, er at i Flora si økonomiplan, som han presenterte til Flora-politikarane før jul, viser nye investeringar på 1 milliard kr. med 744 mill. kr i nye låneopptak i perioden 2018-2021. Dermed vil  Flora si samla gjeld i 2021 raskt kome over 2 milliard kr.

Som Heggheim varsla står det i intensjonsavtala at det også skal byggjast og investerast i Vågsøy. Planar var i gong for eit badeanlegg «som etter det vi forstår skal ha litt privat hotell på toppen». Vil dette totalt sett medføre at Kinn etter sine første driftsår får ei samla lånegjeld på nærare 3 milliard kr.? Ja, då er det endå godt at Heggheim poengterer at delar  av Flora si gjeld er såkalla « sjølvfinansierande». Men kva om renta stig med 1 prosent . Er gjelda 3 milliardar betyr ei slik renteauke 30 mill. kr årleg.

Kinn får ulike tilskot til samanslåing. Heggheim forklarte at fram til 2034 vil eingongstilskota og dei samla årlege tilskota totalt gje 195 mill. kr. Så skal ein visst få til ei innsparing på effektivisering i Kinn kommune på «ynkelege» 3.2 mill. årleg som på 15 år blir 48 mill. kr. Dermed ei samla meir-inntekt /effekt for Kinn på 248 mill. kr. For enkelte kan dette mogleg høyrast fantastisk ut, men her er nokon vesentlege manglar i totalbilde og moglege overraskingar som kan endre denne oppfatninga.

Reformtilskotsperioden er på 20 år. Heggheim viste berre dei første 15 åra. Han informerte ingenting om det såkalla inndelingstilskotet på 17.1 mill. kroner som ligg inne som ein del av inntektssystemet frå 2020- 40. Dette tilskotet skal reduserast andelsmessig til 0 på dei siste 5 åra.  Samanslåtte kommunar takker ja til ein totalpakke. Ein får først «gulerøter» og så etter ei tid legg ein til grunn at ein skal få større økonomisk effekt av samanslåinga og ein får kutt i inntekter. Dette var informasjon som Heggheim bevisst haldt tilbake, endå han viste til sidetall 58 i Telemarksrapporten, der det stod om tilskota fram til 2034, men også nedgangen i frie inntekter som begynner etter 15 år. Gjeve dagens inntektssystem vil altså ein slik inntektsreduksjon slå ut med full tynge etter 20 år frå samanslåingstidspunktet skriv ekspertane i rapporten.

Når det gjaldt dei samla tilskota, så vart det ikkje nemnt kva det kostar å slå saman desse kommunane.  Ein kan truleg legge til grunn at alle eingongstilskota ein får fram til 2020, går med til å bygge dette «vanskapte eventyret». Ser ein på dei årlege meirtilskota ein då får løpande frå 2020-2034, så er det 3.3 mill. kr + Regiontilskot på 4.4 mill. Dermed får Kinn i utgangspunktet 7.7 mil kr meir årleg, enn om kommunane var kvar for seg fram til 2034.

Men kva om arbeidsgjevaravgifta går opp for gamle Vågsøy kommune? Dette vi føre til ein årleg meirkostnad på 9.3 mill. kr. Då vert heile Kinn-reknestykket øydelagt og ein får 1.6 mill. kr mindre årleg, enn om kommunane var kvar for seg.

Om arbeidsgjevaravgifta viser Heggheim til at heile ordninga skal reviderast i 2021 og at det vert eit heilt nytt regime. Dette er synsing. Telemarskforsking har konkludert med følgande:

«Etter neste revisjon reknar vi i utgangspunktet med at ein eventuell samanslått kommune der Flora inngår, vert «kategorisert» til sone 1a. Det tyder i så fall på auka arbeidsgjevaravgift for større bedrifter i Bremanger og Vågsøy, og dessutan auka arbeidsgjevaravgift på kommunalt tilsette frå «gamle» Bremanger og Vågsøy kommune»

Differansiert arbeidsgjevaravgift har vore godkjent av EFTA i mange år. Dette er Norges viktigaste distriktspolitiske verkemiddel som kostar den norske stat over 12 milliard kroner årleg.

Det er lite truleg at ei Høgre-regjering vil utvide denne ordninga og at  EFTA vil godkjenne ei forsterka konkurransevriding.

Regjeringa har heller ikkje hevda at ein ynskjer å utvide ordninga, men har skrive at kommunar som går opp i sone kan søke om å få kompensasjon for brå sone-oppgang. Mykje tyder på at Telemarkforsking sin konklusjon vil være riktig. Dette vil være særdeles uheldig for Vågsøy, som er i bu- og arbeidsregion med nye Stad kommune som då vert i ei  lågare sone og dermed meir attraktiv for nyetableringar.

Når Heggheim hevder han skal effektivisere for «ynkelege» 3.2 mill. kr, så er dette henta frå Telemarkforsking sit eksempel for mogleg effektivisering av administrasjon. Sitat:

I dag har Vågsøy den rimelegaste  administrasjonskostnad med  4352 kr pr innbyggjar. Totalt 26.2 mill. kr pr. år. Flora har ein kostnad på 4617 kr pr. innbyggjar .Totalt 55 399 kr pr. år. Om den nye kommunen klarer å komme ned på Vågsøy sitt nivå konkluderer ein med ei  innsparing  på 3.2 mill. kr pr. år

Som ein kan sjå har Flora her, til tross for at dei er dobbelt så mange menneske, ein dyrare adm.kost pr. innbyggjar. Det burde sjølvsagt vore omvendt. Dermed veit Heggheim, at han totalt uavhengig av å bygge Kinn kommune, bør kunne spare minst 3.2 mill. kr på å effektivisere eigen organisasjon heime i Flora. Vågsøy er frå før her best i klassa.

Når det gjeld forventa kostnad på demografi frå 2018-40 (i hovudsak eldrebølgja), så viser same rapport at Flora har ein forventa meirkostnad i høve Vågsøy på 134 mill. kr..

Oppsummert kan Heggheim sine faktaopplysingar supplerast med følgjande konklusjon:

1. Flora har i særklasse høgst gjeld

2. Flora har dyrast administrasjonskostnad pr. innbyggjar

3. Flora har mest forventa framtidige utgifter for lovpålagde tenester innan skule, helse og omsorg (demografikostnadar)

4. Vågsøy kan gå opp i arbeidsgjevaravgift og Kinn kommune kan dermed verte eit tapsprosjekt frå første dag

5. Når ein ser på berekna framtidig inntektsnivå,  etter dagens system, er det trong for å effektivisere langt meir enn det Heggheim her legg fram

6. Vågsøy får ikkje betre økonomi av å slå seg saman med Flora, og Kinn, med ei formidabel lånegjeld, vil være særdeles utsatt for renteauke

7. Flora har politisk fleirtal i alle saker og Vågsøy står i stor fare for å miste sitt fungerande lokaldemokrati

8. Vert det i framtida ein kamp for å få budsjett i balanse, kan Kinn måtte ta valet med drastisk effektivisering av administrasjon og/eller kutt i tenester. I ein slik situasjon kan fleirtalet finne det som beste løysing å legge heile kommuneadministrasjonen til Flora og Heggheim sitt nye rådhus.

For å unngå det som langt på veg kan bli ei total tragedie for innbyggjarane i Vågsøy, bør fleirtalet i Vågsøy kommunestyre gå rett på sak og stemme for å løyse opp Kinn Kommune.

Rådmann Leite skal snart pensjonerast, og nye krefter må på plass for å få fram lyset på nytt.