Dette innlegget er skrive av Terje Heggheim, prosjektrådmann i Kinn kommune:

Rådmannen sitt fredagsbrev

Strategisamlingar: Måndag og tysdag var stab og støtte samla. Neste er kultur. Då har vi gjennomført samlingar med alle. Det har vore nyttig. Målet har vore å informere kvarandre om drifta. Kva er vi gode på? Kva utfordringar har vi? Viktige priori-teringar og meir. Eg er sikker; det beste frå dei to kommunane, blir neste praksis i Kinn.

Politiske og administrative arbeidsgrupper: I førre brev sa vi noko om dei politiske arbeidsgruppene. I tillegg har vi nokre både med folkevalde og tilsette. Ei skal ta stilling til det interkommunale samarbeidet. Bente Frøyen Steindal leiar den. Nils Myklebust leiar dei som skal få på plass ein overordna arbeidsgjevarpolitikk. Kristin Maurstad og Ola Teigen skal i fellesskap lose arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og ein overordna planstrategi. Dei vil invitere med innbyggarar, næringsliv, lag og organisasjonar.

Data – her har vi mykje godt arbeid: No er vi i sluttfasen med å kartlegge kva it-system kommunane brukar. Vi har fleire like enn ulike. Eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet. På nokre store område har vi ulike system med ulike versjonar og funksjonar. Då må vi som hovudregel ut på anbod for å få dei rette og gode løysingane. Det vil bli mykje arbeid, men med gode prosessar og god opplæring, skal vi kome godt ut av det. I alle fall ende opp med betre it-løysingar enn det vi har kvar for oss no. Det vil bli ein omfattande og teknisk krevjande jobb å kople saman datanettverka og løysingane i den nye kommunen. Men med godt samarbeid og god innsats frå it-personell i dei to kommunane og frå Nordfjordnett - skal vi få det til på ein god måte.

Kvalitetssikringssystem: No har vi bestemt at Kinn kommune skal nytte Compilo som verktøy i kvalitetssikringa. Vågsøy kommune har nytta programmet i fleire år og har gode erfaringar. Flora har ikkje hatt eit overordna felles datasystem for denne tenesta, men er no betre kjend med ulike alternativ. Etter at vi drøfta saka under samlinga for stab og støtteavdelingane, har prosjektrådmannen bestemt at vi skal gå for den løysinga Vågsøy har. Då får vi eit godt system, mindre innføringskostnader og dyktige tilsette som kan leie dei nye inn i bruken.

Informasjon til alle: Prosjektadministrasjonen har lyst ut ein konkurranse om delar av det vidare informasjonsarbeidet. Vi må informere alle innbyggarane. På alle flater; brev, brosjyrar, annonse, digitalt, film med meir. Vi må vise ein balanse. På ei side av vektskåla ligg ei forståing av at nokre meiner Kinn-prosjektet er vanskeleg. På den andre ligg fakta og sakleg informasjon. Lova pålegg Fellesnemnda å få på plass den nye kommunen. Prosjektorganisasjonen skal støtte nemnda sitt arbeid. Å informere er ein del av det.

Vi vil oppdatere informasjonen som ligg på kinn.kommune.no og Facebook. Besøk stadane våre når du har høve. Fredagsbreva er offentleg. Ønskjer du å dele dei med nokon – står du sjølvsagt fritt til det.

Sak om delt kommunesenter 17. april: Arbeidsgruppa som ser på administrasjon og leiing har møte 3. april. Fellesnemnda 17. april. I mellomtida skal eg lage ei innstilling om delt kommunesenter. Om kva sentrale leiarfunksjonar (kommunalsjefar og stab/støtteleiarar) som skal ligge i Måløy og Florø. Eg ser at saka er viktig. For nokre handlar det om stillinga deira. For andre vil den bety noko om kven og kor arbeidsdagen vert styrd frå. Dei folkevalde vil vurdere den i høve intensjonen om delt kommunesenter. Det blir spennande for mange. Eg vil legge fram ei sak som gir oss ein god, tenleg og framtidsretta organisasjon og samstundes nå dei politiske målsettingane om deling av funksjonar. Det bør gå greitt!

God påske – og lykke til i det vidare arbeidet med Kinn kommune!