Statnett foreslår å endre dagens modell for nettleige, og arbeidet med korleis dette skal bli har gått føre seg i årevis.

– Her på verket bruker vi like mykje energi som Ålesund by. Det er ganske mykje, seier Arne Werge-Olsen, administrerande direktør på Elkem i Bremanger, til NRK som melder denne saka.

Werge-Olsen er bekymra for at krafta smelteverket bruker plutseleg skal koste skjorta og vel så det.

Store straumkundar som Elkem sitt smelteverk i industribygda Svelgen har i dag mykje lågare nettleige enn mange andre.

Straumkundar som hentar straum frå det same punktet som ein produsent, får opp til 50 prosent rabatt slik ordninga er i dag. Kortreist kraft skal løne seg.

– Det er nesten slik at vi har plugga Elkem Bremanger rett i stikkontakten til uttaket frå kraftstasjonen, seier Werge-Olsen.

Statnett foreslår no å fjerne denne rabatten. Dei meiner den er urettferdig og at ei ny ordning vil kome fleire til gode.

I staden for berre å løne dei som ligg nærast kraftverka, foreslår dei difor ei områdeinndeling.

– Poenget med det er at ein i område med mykje kraftproduksjon skal få reduksjon i nettleiga. I eit område med lite produksjon får du det ikkje, seier Gilje, som påpeiker at dette framleis berre er eit forslag.

Statnett skal no vurdere 44 høyringsinnspel, og vil ha ein ny modell på plass frå 1. januar 2019.

Organisasjonen Kraftfylka trur ikkje modellen som no er foreslått, vil gi utjamning av prisane.

– Det er dei store byane som vil tene mest på dette, medan dei distrikta som allereie har høg nettleige og produserer mykje energi får ein ytterlegare auke, seier dagleg leiar Niklas Tessem til NRK.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) trur særleg Sogn og Fjordane fylke vil kome dårleg ut dersom modellen trer i kraft.

– Slik forslaget er utforma vil det bli endå meir urettferdig for vanlege folk og næringsliv i vårt område enn det er i dag. Intensjonen er nok at høg produksjon skal premierast, men ein ender opp med eit forslag som verkar å diskriminere område med overskot, og gir rabatt til område med stort underskot i staden, seier konserndirektør nett i SFE, Asgeir Aase.