Laur­dag in­vi­te­rer Kvalheimsbygda sto­re og små til ak­ti­vi­tets­dag i vak­re om­gjev­na­der.

– Det har nes­ten blitt ein tra­di­sjon no på sein­som­ma­ren, sei­er Sol­veig Rø­sok Kvalheim i i ar­ran­ge­ments­ko­mi­te­en om ak­ti­vi­tets­da­gen som i år blir ar­ran­gert for fem­te gong. Nytt av året er be­søk av hun­de­klub­ben i Vågs­øy.– Dei vil vise litt dres­sur, og ein kan også få klap­pe og stel­le hun­da­ne, for­tel Kval­heim.

Det vil også vere meir å klap­pe på for alle dyreelskarar. – På ute­om­rå­det ved grendahuset har vi man­ge dyr som ein kan sjå på og kose med, blant anna kaniner, kattungar, lam, gei­ter, hø­ner og mos­kus­en­der. Det blir også to ti­mar med hes­te­ri­ding ved Ko­ven som ligg like ved grendahuset, seier Kvalheim.

I fjor kjøp­te grendalaget inn ein mini-ATV, og den er på plass i år også. Ved Ongelsvatnet blir det kanopadling, og dei som vil kan gå tur opp Gamle Kvaheimsvegen med Barnas Turlag. På ute­plas­sen ved grendahuset blir flei­re for­skjel­li­ge trak­to­rar stilt ut, tru­leg også ein god, gam­mal grå­tass. I til­legg kjem Vågs­øy RC Las­te­bil med con­tai­ner­vog­na si fylt opp med sand, gra­ve­mas­ki­ner og lastebilar.

Det blir også bo­ge­sky­ting, køy­re­tur med trak­tor, film frå Kval­heim inne i grendahuset, der det også er kafé med sal av blant anna «Kvalheimsgraut», hei­me­la­ga fiskeburgarar, kake, sve­ler og kaf­fi. Den po­pu­læ­re snikkarbua skal også set­tast opp.