Aksel Hauge Vedvik (12) vart blant dei fire beste i Melodi Grand Prix Junior.

Over 600 bidrag blei sendt til MGP jr, og Aksel frå Bremanger klarte å klatre seg til topp fire i musikk-konkurransen.

Dessverre gikk ikkje 12-åringen til topps i MGPjr, men ein siger var ikkje det aller viktigaste for 12-åringen.

Med låta «Ingenting å tape» i MGPjr, har han eit håp om å få start på artistkarriera.

– Det er ganske spesielt å få vere med på dette. Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på alt det andre, sjølv om det hadde vore kjekt å vinne, sa Aksel tidlegare denne uka, og la til at det handla meir om opplevinga enn ein siger.

I Bremanger vart det invitert til storslått folkefest for å heie fram det lokale talentet. Då Aksel kom vidare til topp 4, vart det stormande jubel og intense trykk på mobilen i håp om å hanke nok stemmer til å sende Aksel vidare til topp-plassen.

Då det vart avslørt at Mathea-Mari frå Bergen stakk av med sigaren, vart det eit stort sukk i salen.

Men publikum sørgja for å understreke at det var tross alt er ein stor prestasjon å komme til topp 4 i konkurransen.

– Aksel er utruleg flink til å syngje, og låta er kjempekul. Eg meina Aksel er den beste deltakaren i konkurransen, seier Tobias Colliander (11), som deltok på arrangementet i Bremanger.