På laurdag hamna Aksel Hauge Vedvik (12) til topp fire og i superfinala under MGPjr. I dag feira skulen suksessen hans.

Sjå bileta frå laurdag i Bremangerhallen og Oslo Spektrum her, samt bilete frå Hauge Skule måndag!

Alle elevane og tilsette ved Hauge skule, ordførar Karl Vidar Førde og Grete Berntzen, rektor for kulturskulen, samla seg i musikkrommet og tok imot Aksel.

Aksel deltok med si eigenkomponerte låt, «Ingenting å tape», og hamna som topp fire av over 600 innsendte songar. Sjølv var han kjempefornøgd med korleis det gjekk i Oslo Spektrum på laurdag.

– Det er berre… heilt supert, sa Aksel til Fjordenes Tidende etter MGPjr på laurdag.

Rektor Kåre Magne Moe ved Hauge skule fortel at han hadde avtalt med faren til Aksel om å kome inn litt seint på måndag morgon.

– Aksel viste vel at vi hadde noko på gang, men ikkje innhaldet, seier rektor Kåre Magne Moe ved Hauge skule.

Skulen, som i dag hadde heist flagget, samla seg på musikkrommet for å overraske Aksel.

– Det vart stormande jubel når Aksel kom inn på musikkromet. Fleire elevar vart utstyrt med flagg. Vi spelte låten til Aksel og elevane var med og song, fortel rektoren.

Og Aksel vart behandla som ei superstjerne då eit par av gutane frå 8. klasse bar han på gullstol frå musikkromet til 8. klasse sitt klasserom etterpå.

– Ordførar delte ut blomar og «gullmedalje» til Aksel.

– Kva tykkje rektor om innsatsen til Aksel på MGPjr?

– Eg synst Aksel gjorde ein strålande innsats i MGPjr. Songen og framføringa var heilt topp. For oss som var i hallen og såg på storskjerm laurdag, var det ein heilt spesiell oppleving. Spenninga var til å ta og føle på når finalistane skulle ropast. Då Aksel sitt namn vart ropt opp, stod stemninga i taket. Aksel er ein artist! Det såg ut som han var fødd opp på scena i Spektrum. Han representerer Bremanger kommune, inkludert Hauge skule og Bremanger kulturskule, på ein framifrå måte, skryt han.

Les meir om Aksel Hauge Vedvik (12) og Melodi Grand Prix Junior i måndagens utgåve av Fjordenes Tidende.