OPPTUR-bøkene har i snart ti år vore populære på Vestlandet. No får folk i hovudstaden si eiga OPPTUR-bok, med 105 flyfotograferte fotturar.

- Oslo er ein by med mange fine turområde. Opptur er ikkje berre oppoverbakkar, men opplevinga av å komme seg ut i naturen, seier forleggjar Torkjell Djupedal i Selja Forlag i ei pressemelding.

OPPTUR Oslo er den åttande boka i OPPTUR-serien og inneheld omtale av 105 turar i Oslo-området, med kart og flyfoto. Boka dekkjer Oslo og 15 nabokommunar, og inneheld både byvandringar i parkar og langs elvar, turar på øyane i Oslofjorden og til toppar i marka.

- Dette er ei bok for alle i Oslo, både innfødde og tilflyttarar, men også for vestlendingar på Oslotur. Vi håpar mange skal oppdage turar i nærområda som dei ikkje visste om, seier Djupedal.

I juni gav Selja forlag også ut OPPTUR Kysten Bergen - Stad som tar for seg turforslag for lavlandet langs kysten fra Bergen i sør, nordover gjennom Nordhordland, ytre Sognefjorden, Sunnfjord og Nordfjord til Selja og Vestkapp, ytst på Stad i Selje kommune.