Etter ei veke med nasjonal fokus på brannvern i skule og barnehage avslutta veka med open dag.

I Vågsøy hadde 350 barn, foreldre og besteforeldre møtt fram for å ha ein kjekk dag på brannstasjonen. Brannmennene hadde laga til ei rebusløype rundt på stasjonen, der ungane skulle svare på enkle spørsmål knytt til brannvern.

– Dette er veldig kjekt. Det er stas for dei små å få komme og sjå og køyre i brannbil. Vi kjem igjen år etter år, ungane likar det, seier Mona Årvik, mor til søstrene Angelica (6) og Madelen (3).

Øv på brann heime

Det er Norsk brannvernforening, If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, samt brannvesen og el-tilsyn som i år samarbeider om open dag.

Ein av tre nordmenn veit ikkje kva dei skal gjere viss det byrjar å brenne i heimen. Berre tre prosent har hatt brann-øving heime og prøvd ut rømmingsvegane.

Brannsjef Kim Hjelle har halde brannøving heime med familien. Der slepp dei heldigvis å klatre i brannstige, då huset er på eitt plan.

– Det er viktig at folk øver heime, slik at alle er godt førebudde. Mange har brannøving på jobb, i skulane og barnehagane, men heime - der ein oppheld seg mest - der gjer ein det ikkje. Det treng ikkje ta så lang tid. Om ein har brannstige, så la ungane få lov til å prøve den. Avtal møteplass utanfor, så alle er klar over det. Test røykvarslaren, så alle er klar over lyden av den. Eg trur dette ville hjelpt viss uhellet først skulle vere ute og det byrjar å brenne i heimen, seier Hjelle.

I anledning Brannvernveka, ber brannvesenet folk om å øve meir på brannrutinane i heimen. I ei undersøking som TNS Gallup har gjennomført for Norsk Brannvernforeining, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og If Skadeforsikring, svarar berre 12 prosent at familien har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann.

Nymåla brannstasjon

Også brannstasjonen stod fram som ny etter at både pensjonistar og brannmannskapet har arbeidd dugnad på å måle bygget utvendig.

– Dei har stått bra på, og det har blitt veldig fint. Eg synest det står fram som eit nytt bygg, seier konstituert brannsjef Kim Hjelle.