Då den danske vikarlegen forklarte seg om den tragiske dødsulukka på Bryggja påska 2013, så vart fart eit sentralt tema.

Mercedesen til legen var utstyrt med elektronisk speedometer, som betyr at det blir stansa ved ulukker.

Aktor, politiadvokat Erling Melvær, opplyste at etter ulukka stansa speedometeret på 142 kilometer i timen.

Politiet konkluderer likevel med at legen kan ha køyrd i 125 kilometer i timen då han kolliderte med den møtande bilen.

Den danske legen hevda i retten at han heldt fartsgrensa på 80 kilometer i timen då episoden.

- Eg hadde god tid og ingenting eg skulle nå denne dagen. Eg var utkvilt og følte meg i god form, sa han.

Legen prøvde å forklare seg om detaljar frå sjølve ulukka. Sjølv om han hugsar lite frå det som skjedde så hugsar han at det kom ein bil imot han på skrå og over i hans køyrefelt.

- Det einaste eg kan forklare når denne episoden skjedde var at eg fekk panikk, og har trykt på gasspedalen og drege i rattet for å svinge unna, sa den tiltalte legen.

Han meiner ulukka skjedde i hans køyrefelt, og at det var den møtande bilen som kom over i den, og at det var årsaka til den kraftige kollisjonen der ei kvinne på 49 år mista livet.

- Ulukka var ikkje mi skuld. Det er grusomt at ein person er død, sa legen.

Politiet meiner at det var legen som kom over i feil køyrefelt, og at det var han var skuld i ulukka.

Politiadvokat Erling Melvær spurde om legen si haldning til fart og korleis han oppfattar seg som sjåfør.

- Eg er ein erfaren, stabil og dyktig sjåfør. Eg har køyrd bil i mange år. Har hatt mange turar mellom Norge og Danmark. Eg held fartsgrensa når eg køyrer bil.

I rettssaka som går i Fjordane Tingrett denne veka så prøver aktor å forklare bakgrunnen for at dei meiner han har handla uaktsamt, at han køyrde med promille, at han braut fartsgrensa og kom over i feil køyrefelt.