Politibetjent Ørjan Eide Paulsen var ein av dei to frå politiet som vart kalla ut på dødsulukka på Bryggja i påska 2013, og som har vore med å etterforska det som skjedde.

I Fjordane Tingrett sa han at han hadde hatt ein kort samtale med passasjeren som sat i ulukkesbilen til den kvinnelege sjåføren som mista livet like etter at han som andre politimann kom til ulukkesområdet.

- Han sat inne i eine ambulansehelikopteret og var tilsynelatande ikkje fysisk skadd. Men han var svært opprørt, sint og lei seg, forklarte Paulsen.

Men då politibetjent Paulsen forklarte seg så refererte han til samtalen med passasjeren som var sint og som forklarte til Paulsen på engelsk at bilen som kom imot hadde stor fart.

- Passasjeren sa til meg at bilen som kom imot dei og som kolliderte med dei hadde crazy speed, og anslo den til å være 140 til 200 kilometer i timen, sa Paulsen.

Det vart berre ein kort samtale før passasjeren vart frakta til sjukehus for kontroll.

Denne passasjeren blir eit nøkkelvitne i rettssaka og skal forklare seg i retten. Utanom sjåføren i den andre bilen er det berre denne passasjeren som er vitne til sjølve ulukka.

Mange av naboane der ulukka skjedde på Bryggja høyrde den kraftige smellen frå kollisjonen og kom raskt til. Nokre av desse skal vitne i rettssaka.

Paulsen sa han køyrde frå Vedvik i Vågsøy der han budde, og kom fram til ulukkesområdet rundt ein halvtime etter at politiet vart varsla om ulukka.

Ti minutt før hadde politikollegaen, Roger Gundersen kome til.

- Eg har aldri sett så store skadar på nokon bilar som har vore innblanda i ulukker eg har vore på, sa Paulsen i retten.

Politiet brukte store deler av dagen etter ulukka til å undersøke ulukkesområdet saman med representant for Statens vegvesen si ulukkesgruppe. Leiaren for denne gruppa skal også vitne.

Paulsen fekk spørsmål om korleis køyreforholda var. Han sa det var tørt og fint i køyrebana sjølv om det var skiftande vêr denne dagen.

I retten forklarte Paulsen ein del av dokumentasjoneen som var lagt fram.

Paulsen arbeidde ved Vågsøy lensmannskontor i to år.

No jobbar han i politiet i Sandnessjøen.