Inge Midtbø på Bryggja i Vågsøy bur like nedanfor Rv 15 der den tragiske dødsulukka i påska 2013 skjedde.

Han vitna i Fjordane tingrett under den andre dagen av rettssaka mot den danske legen som er tiltalt for uaktsamt drap.

Inge var ikkje oppe denne morgonen, men var våken då han høyrde den enorme smellen frå ulukka på Rv 15 like ovanfor huset.

- Det var enormt. Nesten som ein eksplosjon. Eg kom meg raskt ut av senga, og opp på vegen der eg forstod at det hadde skjedd noko, fortalde Midtbø i retten.

Då han kom opp på vegen var det fullt kaos. Fleire naboar var komne til for å hjelpe til. Og snart kom ambulanse, brannvesen, ambulansehelikopter og politi. Inge og alle andre forstod raskt at dette var ei svært alvorleg ulukke.

Under Fjordane Tingrett si synfaring på ulukkesområdet på Bryggja tysdag ettermiddag var Midtbø med å fortalde om det han opplevde.

På denne synfaringa var også den drapstiltalte danske legen med.

I tillegg var to av barna til den omkomne kvinna med, pluss han som var passasjer i den eine ulukkesbilen som også var kjærast med den omkomne kvinna.

Alle desse var tydeleg prega av det som har skjedd.

I retten fortalde passasjeren om den dramatiske kollisjonen.

Han sa at bilen som kom imot dei hadde veldig stor fart, og at dei ikkje hadde sjanse til å unngå kollisjon.

Under synfaringa fekk retten sjå plasseringa til dei to bilane etter den kraftige kollisjonen. Dei fekk også sjå punktet der dei sakkunnige meiner sjølve kollisjonen kan ha skjedd.

Den danske legen har nekta straffeskuld.