Den eldre mannen som vart funnen livlaus i sjøen i Selje kommune søndag kveld blir sendt til obduksjon.

Det opplyser fungerande lensmann i Selje, Tor Sæter til Fjordenes Tidende.

Politiet har måndag avhøyrt personar som fann mannen i sjøen, og det er ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

- Obduksjonen er rein rutine etter slike hendingar, seier Sæter.

Han seier at det ikkje var vitne til det som skjedde, og at ein veit såleis ikkje kva som førte til at mannen ramla i sjøen.

Det vart gjort livreddande tiltak, men mannen sitt liv kunne ikkje bergast.

Mannen vart funnen i sjøen ved Venøy i Selje kommune.

Den omkomne var Dagfinn Per Venø som er fødd i 1942.