Sty­rings­grup­pa for eit samordningsprosjekt mel­lom tre des­ti­na­sjons­sel­skap øns­kjer sa­man­slå­ing av sel­ska­pa.

Ord­fø­rar i Sel­je, Ot­tar Ny­gård, er glad for å sjå Reisemål Stryn og Nord­fjord (RSN) i ein stør­re sa­man­heng sa­man med Reisemål Geirangerfjord-Troll­sti­gen (DGT) og Des­ti­na­sjon Åle­sund og Sunn­mø­re (DÅS).

– Det­te er ei glad­mel­ding i ei sak det har vore job­ba med over litt tid. Nord­fjord­rå­det har stått sam­la bak ei slik or­ga­ni­se­ring og mei­ner det vil styr­ke sat­sin­ga in­nan rei­se­liv i vårt dist­rikt i fram­ti­da, sei­er han.

Som ord­fø­rar i Sel­je kom­mu­ne trur han også det­te vil vere det bes­te for kom­mu­nen.

– Det er ein gledas dag!

Ny dag­leg lei­ar blir Geir Stei­nar Vik som lei­er det størs­te sel­ska­pet, DÅS, i dag.

Verts­kom­mu­ne for det fu­sjo­ner­te sel­ska­pet blir Åle­sund med sa­tel­litt­kon­tor i DGT og RSN.

Det nye sel­ska­pet blir blant dei størs­te på Vest­lan­d­et, og øns­kjer å mar­ke­re seg som ein reiselivsmotor i Fjord-Norge.

Inn­stil­lin­ga frå sty­rings­grup­pa går no til hand­sa­ming i sty­ra for dei en­kel­te des­ti­na­sjo­na­ne før ei ekst­ra­or­di­nær ge­ne­ral­for­sam­ling.

Må­let er å ha det fu­sjo­ner­te sel­skapt i drift frå 1. mars 2015.