Utfordringene knyttet til stening av Måløybrua på grunn av vind har vært gjenstand for diskusjon helt siden bommene ble montert.

Jørgen Lange hadde dette innlegget på trykk i fredagsutgaven av Fjordenes Tidende:

Her er mitt ringe forslag til all stopp på Måløybrua grunna vind over 32 m/sek.

Bygger ein på brua, mot sør, altså ein gang- og sykkelveg, med breidde på cirka 2,5 m (?), rekkverk og gjerne pleksiglass i brysthøgd, med skråtak opp for å bryte/avleie vinden, kan det løyse mye.

Eg vil påstå at heile problemstillinga er eit spørsmål om pengar. Ingeniørane kan rekne ut alle stressfaktorane. I dag er det eigentleg ikkje eit problem å krysse brua i vind opp mot 35–40 m/sek – for personbilar. Skåpbilar, bussar og minibussar er ein annan sak. Mykje av di rekkverket på brua bryt vinden.

Dette ser ein godt når det regnar og bles samtidig. Sjølvsagt vil det koste pengar. Det kostar vel òg pengar når trafikken ikkje får gå? Kanskje er det ambulansen som står? (Dei får vel dispensasjon). Vel, eg ser for meg at nokon må ta initiativ overfor styresmaktene. Sørleg i forbikøyringsfylket vårt. Vi har sakna satsing i mange år. Det einaste eg forventar av den blåblå regjeringa forøvrig. Kvar vart det av kyststamvegen forresten ...?