- Folk er opprørte og trur ikkje at dette kan vere sant, seier Tone Beate Drage om stemninga som er på Stadlandet etter at Helse Førde gjorde kjent at det truleg vil kome ambulansekutt.

– Det er galskap om det skal vere slik at det skal ta fleire timar før du kjem deg nokon stad om du blir akutt sjuk. Dette høyrer ikkje nokon stad heime, seier Tone Beate Drage på Leikanger, ein av mange stadsarar som er i harnisk etter at det kom fram at Selje-ambulansen kan gå til Vågsøy.

Drage seier at det er umenneskeleg å skulle vente så lenge på ein ambulanse som det kan vere snakk om.

– Dette burde aldri ha kome opp. Dette burde dei ha halde seg for gode til, seier Drage.

Ho budde sjølv 20 år i Hoddevik før ho flytta til Leikanger. Ho veit kor lang tid det tar å kome seg til utkantane på Stadlandet.

– Frå Leikanger til Hoddevik tar det 20-25 minutt å køyre. Det er mange minutt når det står om liv, seier Drage, som også viser til ein lokal lege som seier ting kan bli alvorlege når det tar så lang tid å få  hjelp.

Drage meiner at ein må rekne med å bruke vegane til sjuketransport.

– Dei seier at dei skal bruke meir helikopter. Men vi har mange dagar med dårleg vêr som gjer at helikopteret ikkje kan kome, seier ho.

Les heile saka i vår papirutgåve fredag.