Tysdag kveld hadde Vågsøy Brann og redningsvesen, redningsskøyta Halfdan Grieg og det frivillige redningskorpset felles øving i Vågsfjorden.

Øvinga gjekk ut på at det var brann i ein sjark, og fleire personar hadde hoppa i sjøen.

- Vi har ei slik øving for å vere best rusta og trena om det skulle bli ein alvorleg situasjon, seier brannsjef i Vågsøy Kim Hjelle til Fjordenes Tidende.

Her kan du sjå bilete frå øvinga.