Onsdag tek ordførar Karl Vidar Førde (Sp) i Bremanger med seg ordførarklubba og kjedet og flyttar inn på Bremanger folkebibliotek i Svelgen.

Så om nokon har noko dei ønskjer å ta opp med ordføraren har dei mulegheita onsdag ettermiddag.

-Det kan jo vere forskjellig ting ein ønskjer å få svar på eller vil fortelje ordføraren, seier biblioteksjef Randi Tveit Solheim som er glad for å få ordføraren på besøk.