På bakgrunn av gode tilbakemeldingar og høg skår på kvalitetsindikatorar får Helse Førde 4,6 millionar kroner ekstra tilskot neste år frå eigaren Helse Vest.

Dette melder Helse Førde i ei pressemelding. ​Dette er første gongen Helse Vest tildeler eit slikt tilskot basert på kvalitetskriterier.

- Vi er glade for at fagleg godt arbeid løner seg også på denne måten, seier økonomidirektør i Helse Førde, Halfdan Brandtzæg.

Torsdag denne veka legg Brandtzæg fram for styret i Helse Førde eit budsjett i overskot for 2015.

- For å kunne realisere planlagte investeringar i nybygg og bygningsmasse, og samstundes ha rom for oppdatering av medisinskteknisk utstyr, er Helse Førde nøydd til å drive med overskot i åra framover, seier Brandtzæg.

Budsjettet legg opp til at drifta i helseføretaket blir ført vidare på om lag same nivå som dei seinaste åra. Enkelte justeringar blir gjort i aktivitetsnivået klinikkane imellom, og alle endringar er risikovurderte og funne fagleg forsvarlege.  Nasjonale føringar som reforma fritt behandlingsval og pakkeforløp for kreftbehandling er også bakt inn i den økonomiske 2015-planen.

Med dette budsjettet styrkar Helse Førde si satsing på forsking, både internt i klinikkane og ved å byggje opp eit system for støtte som trengst for å gjennomføre større forskingsprosjekt.

Rekneskapstala så langt i 2014 viser at Helse Førde kjem til å komme ut med overskot når året skal summerast opp, og det økonomiske resultatet ligg dermed an til å bli betre enn budsjettert.

- Framover blir det nødvendig for Helse Førde å drive med overskot dersom vi skal investere i bygg og medisinskteknisk utstyr, seier Halfdan Brandtzæg. – Lægre kostnader enn budsjett, som også får effekt neste år, gjer det lettare å nå det økonomiske målet vi budsjetterer for i 2015.