Politiet opplyser at føraren av bilen som hamna på taket på Kvalheim fredag rundt klokka 12.00, rutinemessig måtte levere frå seg førarkortet.

Politiet veit ikkje årsaka til ulukka, men har konkludert med å rutinemessig ta beslag i førarkortet til føraren til dei veit kva som har skjedd.

Det var to personar i bilen, og begge slapp frå ulukka med berre lettare skader.

Det var ikkje andre bilar involvert i ulukka.

Det er ikkje mistanke om rus.