Klokka to måndag går teknisk eining og rådmann Tom Joensen i eit møte der dei startar jobben med å finne årsaka til kvifor vasstrykket var dårleg under sløkkinga av brannen i Svelgen fredag.

- Det for tidleg å konkludere no, og eg tør ikkje spekulere i årsak, seier Tom Joensen til Fjordenes Tidende før møtet.

Rådmannen meiner ein no må gje dei litt tid til å finne ut kva som skjedde fredag.

Vatnet som vart nytta til sløkking kom frå eit høgdebasseng over Langeneset, og Joensen fortel at dei no skal gå inn i saka og sjå nærmare på kva som kan ha vore årsak til dårleg trykk i slangane.

- Vi må sjå på det. Det kan jo godt vere at det var nok vatn, men når ein koplar på mange slangar og køyrer på med alt ein har, er det ei belasting. Det er jo også kjent at vi har ein del gammal infrastruktur i Svelgen, og er inne i ein prosess der vi skal ruste opp gamle røyrsystem, seier Joensen, som peikar på at utfallet ville ha blitt det same uavhengig av vasstrykket.

- Brannkorpset og redningstenesta seier dei fekk avgrensa det dei kunne så raskt som muleg uavhengig av vassmengde, seier han.

Etter kvart fekk ein også støtte av tankbilar med vatn.

Rådmannen trur det vil ta nokre dagar før dei har svara på alle spørsmåla kring vassforsyninga.

- Før det nyttar det ikkje spekulere, seier han.

Måndag er politiet og branntekniske ekspertar på brannstaden i Kringomveien i Svelgen. Her håpar ein å finne svar på kva som starta brannen som gjorde 10 menneske huslause fredag kveld.