– Eg sklei og datt ut i vatnet!, seier Alexander Kupen Skram, som fekk erfare viktigheita av redningsvest.

– Om eg ikkje hadde hatt på redningsvesten, trur eg at eg hadde fått vondt, fortel han. Denne veka har det vore fullt kjør ved Seglarhuset på Tennebø. I alt 24 born har fått lære å ro, segle, køyre motorbåt og fiske. Fokuset har vore tryggleik og korleis ein brukar utstyr på og ved sjøen.

– Målet er å sleppe på hente nokon av dei med redningsskøyta i framtida, seier hovudinstruktør Jannicke Myrestrand.

– Det er viktig at born blir lært opp til korleis ein har det kjekt på sjøen på ein sikker måte, slik at dei blir gode patriotar for godt sjøvett, seier Myrestrand.

– Når sommarskulen er omme, er målet at alle skal meistre aktivitetane vi har vore gjennom, og vere meir van til å vere på og ved sjøen, fortel ho.Myrestrand har sjølv vore engasjert i redningsselskapet og Måløy Sjøredningskorps i lang tid.

– Eg har vore med sidan eg var lita, og på den tida har eg sett mange eksempel på kvifor ein slik sommarskule er viktig for dei unge, seier ho.

Aktivitetar

– Det kjekkaste har vore å køyre motorbåt, seier Lea Isabell Romuld Hagen.

– Fordi det er motor på. Og ein slepp å arbeide så mykje, legg ho til.

På sommarskulen var det nok av utstyr tilgjengeleg for deltakarane. Med seks motorbåtar, der den eine er til fisking, tre seglejoller og tre robåtar var det nok til at alle fekk prøve seg opp til fleire gonger. Med seg på laget hadde Jannicke Myrestrand tre andre instruktørar som sørgde for at alt gjekk rett føre seg.

– Vi har delt dei opp i fire grupper, og så har dei to aktivitetar for dag. I tillegg har vi litt fritid der dei kan bade og kose seg, seier Myrestrand.Onsdag fekk deltakarane sitje på med redningsskøyta.

Fylte sommarskulen

Med 24 deltakarar var det meir enn fult på sommarskulen.

– Det kom fleire påmeldingar enn vi hadde rekna med, så vi måtte til med ekstra instruktørar, fortel Myrestrand.Ho trur på like bra respons neste år.

– Dei eg har snakka med av deltakarar i dag har i alle fall ikkje lyst til å reise heim att, seier ho.