Trass i at Åheim sitt G/J 12-lag tapte alle kampane sine under Seljecup, var det ikkje noko å seie på humøret til jentene og gutane etter tre kampar.

– Vi har tapt alle kampane, men det gjer ingenting, for vi har hatt det veldig kjekt i lag, fortel Mona Elisabeth Roth og Siren Berget, som spelar på laget frå Vanylven kommune.

– Dei andre laga var opptekne av å vinne, medan vi berre hadde det moro når vi spelte, seier Mona Elisabeth og Siren.

Nytta tida

Trenar Jermund Rekkedal er ikkje overraska over humøret til dei ti spelarane, som var med på cupen.

– Dei er like blide heile tida. Vi har vore med på Seljecup tidlegare, og vi har det veldig kjekt her. Spesielt kjekt var det i år når det var så fint vêr, fortel Rekkedal, som er trenar saman med Ottar Sande.

Jentene og gutane frå Åheim hadde brukt tida mellom kampane på å ete mat og å vere i hoppeslottet. Ifølge Mona Elisabeth og Siren blir det ikkje siste gong Åheimslaget er å sjå på Selje idrettspark.

– No gler vi oss allereie til Seljecup neste år!, sa dei etter å ha fått det synlege beviset på deltakinga i cupen.

Knirkefritt

Berre på laurdagen i cuphelga vart det spelt 120 kampar på Selje idrettspark.

Sidan invitasjonane vart sendt ut i februar har arrangementsstaben jobba i fleire månader med å førebu arrangementet. Solheim peikar på at dette er eit viktig arrangement for Seljebygda og heile kommunen.

– Om ein reknar med alle som er innom Selje denne helga, er vi nok eit par tusen menneske ekstra. Cupen er eit kjempeviktig arrangement, og ei veldig god marknadsføring for Selje. Med eit svært vellukka arrangement, som blir krydra av flott sommarvêr, så kan eg ikkje forstå anna enn at dette må vere tidenes Seljecup!