Små og store tok turen til brannstasjonen i Selje på open dag.

Dei frammøtte fekk prøve hjelmar, slangar og sitte i brannbilen, samt sjå seg rundt på brannstasjonen.

– «Åpen dag» har blitt ein fantastisk fin tradisjon i september kvart år, sa Geir Petter Hatlenes i Selje Brann og Redning i forkant av arrangementet.

350 brannstasjonar over heile landet opna portane for store og små laurdag 24. september. Både Fiskå brannstasjon i Vanylven kommune og Selje brannstasjon var med på tradisjonen denne laurdagen.

Vågsøy Brann & Redning arrangerer «Åpen dag» ved stasjonen i Måløy laurdag 8. oktober.

Du kan sjå bileta frå open dag på brannstasjonen i Selje i karusellen øvst i saka.