I dag har Vågsøy brannvesen open dag på stasjonen. - Med dette strålande vêret kunne ikkje rammene ha vore betre, seier John Inge Henden i Vågsøy brannvesen.

Henden fortel at open dag er tradisjon, og meiner det er viktig at folk har moglegheiten til å besøke brannvesenet og sjå korleis ting fungerer.

- Vi får berre skryt, både born og vaksne synest dette er festleg, fortel Henden.

Då Fjordenes Tidende besøkte brannstasjonen i Vågsøy laurdag såg det ut til at særleg brannbilen var populær, og fleire stod i kø for å få bli med på tur. Det var også stor pågang i hoppeslottet og på dei ulike rebuspostane.