I helga var det duka for den tredje haustmarknaden i Refvik. I årets buer kunne ein finne alt frå vårrullar til mår og sild, pyntegjenstandar og sportskle.

Med eit breidt spekter av varer og strålande sol gjekk haustmarknaden i Refvik av stabelen denne helga. Bak ei av buene stod elevar frå sjette klasse på Raudeberg skule. Dei har starta Superheltanes elevbedrift, og nytta marknden til å samle inn pengar til klassetur.

- Vi har selt veldig mykje, og håpar å selje endå meir, sa sjetteklassingen Mana. Han var på plass saman med andre i bedrifta, og kunne mellom anna tilby vårrullar til dei besøkande på marknaden.

Arrangør Marianne Pleym Refvik synest det er stas at ein kan kjøpe med seg så mykje forskjellig på heim frå marknaden.

- Nokre seljarar har komt tilbake frå andre år, men stort sett er det alltid veldig variert - det er stas!, seier ho.

Pleym Refvik skryt samtidig av Refvik-bygda, og påpeiker at alle dreg lasset i lag.

- Alle stiller opp og det går som ein leik, Pleym Refvik. Eg hadde utan tvil ikkje klart dette aleine, avsluttar arrangøren.

Les heile saka i utgåva 11. oktober.