I Vågsøy vart Kulturnatt mellom anna markert med spøkelsesjakt i kjellaren på biblioteket i Måløy.

Tamara Sortland er bibliotekar på biblioteket, og fortel at ho hadde lyst til å gjere noko kjekt for ungane.

- Eg fekk med meg nokre jenter frå MOT, så dei har tatt seg av mykje av organiseringa, fortel ho.

Spøkelsesjakta måtte gå føre seg i to omgangar, fordi det var så mange som ville vere med. Samlege hadde heller ikkje lyst til å avslutte spøkelsesjakta, og tok like gjerne ein ekstra tur ned i kjellaren.

- Det er fantastisk at så mange blir med når vi lagar til noko, smiler bibliotekaren.

I Nordfjordhallen kunne ein prøve seg på eit breidt spekter av ulike aktivitetar, som til dømes klatring eller bogeskyting. I tillegg kunne ein nyte ulike kulturdryss frå scena, kor elevar frå Kulturskulen i Måløy fekk vise seg fram.

Sjå fleire bilete øvst i saka og les meir om Kulturnatt i dei ulike kommunane i tysdagsavisa.