Dei som sat med rettane til Oliver i London sa at skulen ikkje fekk lov å framføre den nesten ferdig innøvde musikalen, fordi dei hadde ei jente i hovudrolla.

Dette førte til at elevar, regissør Michael Pavelich og dei andre involverte kasta seg rundt, og greip fatt i musikalen Back to the 80s". Ein har ikkje ein gong hatt tid til å omsette musikalen til norsk, så dei 25 elevane framførte stykket på engelsk under premiera i Operahuset Nordfjord fredag kveld.

– Det har vore ein hektisk øvingsperiode, samanfattar elevane.

Dei tok publikum med på ei tidsreise, både musikalsk og i form av kostymer. Ein fekk møte den vaksne Corey Palmer som frå notida, såg tilbake på det året han gjekk i avgangsklassa på William Ocean High School på midten av 80-talet.

Gjennom denne tidsreisa fekk publikum vere med på kjærleik, sorg og kranglar, akkompagnert av hits frå 80-talet.

Elevane set også opp musikalen laurdag kveld.

Det blir meir om musikalen i tysdagsutgåva av Fjordenes Tidende.