Det var leik og moro, pølser, saft og sveler i Langeneset barnehage då barnehagedagen skulle markerast denne veka.

Småbarnsbarnehagen fekk besøk av dei større barna frå Svelgen sentrum som kom køyrande på besøk i eigenrekvirert buss. Dermed var også bursdagsgjestane på plass – høveleg kledde i fullt regnhyre og refleksvestar.

– Leik i seg sjølv har ein eigenverdi og denne dagen er ein glimrande sjanse til å fremje dette, seier driftsleiar i barnehagen, Kari Rita Frøyen.

Barnehagedagen er ei årleg markering der barnehagane opnar dørene for andre for å vise og synleggjere barnehagen sine aktivitetar der leik, læring, danning og omsorg er grunnleggande. Dagen har sidan 2005 blitt markert over heile landet i byrjinga av mars.

I Svelgen feira dei i tillegg 30 år for barnehagen på Langeneset. Den vart bygd i 1987 og allereie etter to år var barnehagen for liten og ei foreldregruppe sette fram krav om småbarnsavdeling. Denne stod klar etter berre to år. Dermed har Langeneset barnehage to avdelingar; Knerten og Humla.

Tidlegare husa den born i alle aldrar og opp til sju år før skulereforma i 1996. I den seinare tid har den vore rein småbarnsavdeling.

– På den måten blir det meir tilpassa dei minste både i høve til møblement og inventar samt at det blir større fokus på dei aller minste sine behov, seier Aud-Marit Sortevik.

No er nokre av dei første som gjekk i barnehagen på Langeneset sjølve blitt foreldre og leverer sine håpefulle på same plass, trygge på at det er ein god stad å vere.