- Vi kosar oss skikkelig, seier venninnene Ine Johanne Berget og Stine-Elise Målø.

Dei meiner Åheimfest er kjekt fordi det er annleis enn vanlege helger, og fordi det er mogleg å få tak i kjempegode grillspyd og at det ofte vert meir godteri enn det brukar å vere.

- Det er rett og slett veldig kjekt berre å ha ein grunn til å vere i lag, seier dei.

Heidi Endal, leiar i ungdomslaget FRAM, som arrangerte Åheimfesten saman med bygdelaget, er glad sambygdingane tok turen til sentrum.

- Det er så kjekt å samle folk. Eg er overraska, men veldig glad for at det kom såpass mykje folk. Det har verkeleg vore eit yrande folkeliv her i heile dag, seier ho stolt.

Det tradisjonellle Vassendrittet gjekk også av stabelen under Åheimfesten, laurdag. Ingen av dei 14 deltakarane var i nærleiken av å slå løyperekorden, men det var likevel ingenting å seie på verken innsats eller løypetid.

- Det viktigaste er å ikkje gå for hardt ut slik at ein stivnar oppover bakkane, seier Ole Magne Kvalsvik i Åheim IL som stod som arrangør for rittet. Han håpar fleire vert med neste år, om rittet vert arrangert.

- Deltakartalet i år var litt i grenseland, vi burde ha hatt med i overkant av 20 syklistar, seier Kvalsvik.