I hei­me­snik­ra ola­bil laga av ein ga­mal syk­kel vann June Adi­ne Hjort­land (11) olabilløpet i kon­kur­ran­se med ni gu­tar.

– Det er pap­pa og eg som har laga olabilen av ein syk­kel som eg had­de, sa June som var glad et­ter at det var klart at ho vann bar­ne­klas­sen.Ven­nin­ne­ne Ti­ril og Christofa var heia­gjeng og sy­nest June var vel­dig mo­dig som stil­te opp.

God fart i bak­ken

Chris­ti­an Gul­hau­gen i Svel­gen Amcar Club leia olabilløpet i Tunnelbakken for and­re gang.

– Det var man­ge bra konst­ruk­sjo­nar å sjå, sei­er han.

Men tunnelbakken er bratt med ein skarp sving, så løps­lei­a­ren har som råd at nok­re av olabilane må byggast litt om til nes­te år. Det vart eit par velt.

– Bi­la­ne må vere byg­de for fart og ha brei spor­vid­de. Det er ein stor for­del med tyn­ne hjul og sto­re forhjul, sei­er Gul­hau­gen.

Set pris på mo­roa

Sa­man med so­nen Fi­lip og ein kom­pis var Ani­ta Karl­sen ein av dei man­ge som gril­la pin­ne­brød rundt bål­pan­na til Bar­nas Tur­lag ind­re i Svel­gen laur­dag.

– Det er utru­leg flott at no­kon stil­ler opp og la­gar det­te til. Ar­ran­ge­men­tet er så fint, og det er så bra at det er til­laga noko for alle al­ders­grup­per. Det­te set vi pris på, sei­er Karl­sen.

Klat­ra på kas­ser

Også på bruskasseklatringa var det kon­kur­ran­se, og Svenn Os sei­er at alle re­sul­tat vart no­tert. Han opna kon­kur­ran­sen med å klat­re på 20 stab­la brus­kas­ser, men den som kom hø­gast greid­de 26 kas­ser.

– Vi gjer ting på ein slik måte at alt er dug­nads­ar­beid, sei­er Tho­mas Øv­ste­dal i ko­mi­te­en for Nord­gu­len høgt og lågt.

Kvar en­kelt or­ga­ni­sa­sjon tar an­svar for sin ak­ti­vi­tet, og Øv­ste­dal legg til at den­ne gan­gen var det flei­re salsboder enn tid­le­ga­re.

– Vi har flei­re boder og stands, og vi er vel­dig gla­de for at dei stil­ler opp, sei­er han.

For første gang var det mel­lom anna hand­ar­beid og hus­flid å få kjøpt.

På Nord­gu­lens­li­tet var det Lan­ge­ne­set Dream Team som var best.

– Vi får vand­re­po­ka­len et­ter å ha vun­ne tre år på rad. Vi er nok det la­get som er best i form, seier Arne Rebni.