I Ervik på Stadlandet har ein gamal låve blitt ein arena for aktivitet og kultur – og ein sosial møteplass.

– Her kan ein skate, klatre, buldre, turne, balansere, bokse og mykje meir. Jonaslåven er full av moglegheiter for aktivitetar, seier medeigar Maria Helgesen, som bur på garden saman med Heidi Otneim og Gry Hansen.

Dei har gjeve låven namn etter Jonas Ervik, som var den tidlegare eigaren og som drifta garden i all si tid.

No jobbar trekløveret med å skape ein arena for utvikling og opplevingar. Ein aktiv, kulturell og sosial møteplass som kan nyttast uavhengig av vær.

– Vi ynskjer alle velkomne til å prøve ut låven, eller til å delta på aktivitetsdagane framover, vi skal prøve å vere så hjelpsame vi kan, inviterer Helgesen.

Heile saka stod i papirutgåva onsdag 30. oktober.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende