Grete Andal og Mariann Brunsvik Mork spelte dei pelsglade og krevjande elskarinnene som bidrog til fleire morosame forviklingar i Ikke nå kjære som premierte fredag.

– Det er ei festleg rolle, heller lettkledd, så det er med skrekkblanda fryd eg går på scena, sa Grete Andal, som spelte den etter kvart så lettkledde Irene Dombestein.

Det var ikkje mangel på verken kjappe replikkar eller morosame situasjonar i  farsen.

Herr Fønstlien (Daniel Gangeskar), direktør og salsansvarleg hos Fønstlien Pels & Manufaktur, prøver desperat å forføre Irene med ein pels av beste sort.

Den prøvar han å få Irene sin mann, Harry Dombestein, til å betale for og dette fører til langt fleire forviklingar og intrigar enn ein skulle tru.

Om ein ikkje fekk sjans til å sjå stykket i helga, har ein mulegheita i kveld måndag.

Les heile saka i papirutgåve måndag 24. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende