Navn: Ole Bosnes

Alder: 67 år

Sivilstatus: gift

Bustad: Reset, Selje

Yrke: pensjonist

– Kva er du mest oppteken av?

– Familielivet, og å følgje opp born og barnebarn. Det gjer livet mitt meiningsfullt, og det er moro.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg steller hus og hage, besøker slekt og vener og føl med i den aktuelle politiske debatten både lokalt og i den store verda.

– Kven beundrar du?

– Vel, eg har i alle fall stor respekt for mange. Ei av dei er svigermor Bjørg i Berle. Ho er ein svigersons draum.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen her vest ved havet, sjølvsagt. Og ikkje minst bygdefolket. Det er alltid kjekt å prate med dei du treff på.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Nytt symjebasseng og fleirbrukshall opna i Selje.

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Arrangert konsert og kakefest for frivilligheita i Selje kommune. Bygdene sine eldsjeler og deira medhjelparar fortener kommunen si merksemd. Det er dei som er dei viktige bidragsytarane til det gode liv i bygdene våre.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Tusenårsjubileet i 1996.

– Kva har du på nattbordet?

– Vekkjarklokka og vassglaset.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Fjt.no, vg.no, adressa.no og dagsavisen.no.

– Kva er meininga med livet?

– Å vere glad og lukkeleg, ha det godt med seg sjølv og dei du har rundt deg.