Namn: Eirik Rutledal

Alder: 40 år

Sivilstatus: sambuar

Bustad: Åkrehamn på Karmøy, men opprinneleg fra Raudeberg

Yrke: dagleg leiar SK Nord

– Kva er du mest oppteken av?

– Er oppteken av at politikarane både lokalt og nasjonalt i enda større grad enn i dag skal sjå nytta av jobben idretten gjer i dag. Gjennom betre støtteordningar, tilrettelegging og bygging av anlegg kunne idretten gjort ein enda betre jobb enn i dag med å skape ein trygg og sunn arena for born og unge å vekse opp i.

– Kva gjer du på fritida?

– Prøver så langt det går å få trent/gått tur kvar dag. Spelar framleis fotball for Åkra2 som leier si avdeling i 6. divisjon. Resten av tida tilbringast med familien og vi prøvar så ofte som mogleg å nytte oss av dei mange ulike fritidstilboda i nærområdet.

– Kven beundrar du?

– Har tre stykk som fortenar ein ekstra fin blome. Terese min sambuar, som framleis held ut med meg, så farmor og mormor som til saman no har nok born, barnebarn og oldebarn til ti fotballag med trenarar, spelarar og heiagjeng!

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Min «nye» heimstad Åkra har ein sand som er minst like fin som Refviksanden, klima er litt betre enn i Vågsøy og nærleiken til flyplass og alt du treng av fritidsaktivitetar. I Vågsøy er det Refviksanden, fjella og den flotte naturen eg set mest pris på.

–  Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Stor auke i tal innbyggarar i Vågsøy kommune!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– At idretten i Vågsøy må betale for å få lov til å trene i ein kommunal idrettshall er ei skandale! I løpet av dei åra som har gått sida hallen var bygd har klubbane sikkert brukt over 5.000.000 kroner til saman på husleige. Den årlege kostnaden for klubbane var det første som hadde forsvunne om eg hadde styringa.

–  Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Fotball er kultur! Og da Dirk Kuyt scora tre mål frå til saman sju meter etter at Luis Suarez hadde herja med Manchester United for Liverpool på Anfield i 90 minutt var stort. Bruce Springsteen på Koengen i Bergen i 2009 var heller ikkje feil.

– Kva har du på nattbordet?

– Ladar til mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Fjt.no, haugenfotball.com, vg.no, h-avis.no, sknord.no, bt.no/fotball og yr.no.

– Kva er meininga med livet?

– Livet er til for å nytast. Men det er då viktig å tenke på at det er greitt å leve livet på ein slik måte at du tar vare på helsa di og får eit langt liv å nyte.