Namn: Kerstin Hansel

Alder: 46 år

Sivilstatus: singel, eitt born

Bustad: Selje

Yrke: jobbar på Coop Prix

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er eigentleg interessert i det meste eg, men om eg skal nevne noko spesielt er det vel natur, dyr og forskning/vitskap som opptek meg aller mest. Naturen og dyr er bare utruleg spennande, og ein ressurs som vi er så heldig å ha mykje av her i Norge. Forskning og vitskap er eg interessert i fordi eg verkeleg vil vite. Kvifor, korleis.... Sluttar ein å lære, sluttar ein å leve.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida gjer eg så mangt. Det blir ein del riding og å styre med hest saman med dottera mi, Clara. Eg går også på fjellet, malar, køyrer motorsykkel, les, og er saman med vener. Og av og til må det prøvast nye ting som virkar spennande.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar ikkje ein spesiell person. Men dei kvinnelege forskarane og vitskapsfolka fra før i tida, fordi dei gjekk mot straumen med si nytenkning, sto for sine idéar, tankar og forskningsresultat i ei elles mannsdominert verd. Respekt.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Selje... Naturen, stranda, venene mine. Det er Ikkje så mykje anna som skjer i Selje, på godt og vondt.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Metallica eller Coldplay live i parken i Selje. Inntekta går til oppussing av Selje skule.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg hadde vore ordførar for ein dag... Oh no... nei takk, det hadde berre ikkje fungert i det heile tatt.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Som den kulturelle opplevinga som har gjort mest inntrykk på meg, må eg nevne besøket av nokre grotter med eldgamle indianske hulemaleri i USA. Å sjå så gamal historie på kloss hold, kjenne på stemninga i grotta, ein blei rett og slett mållaus og undrar seg over verda sine mysterier.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt er det litt kaotisk. Ei munter samling av vatn, pennar, øyrepropper og min kindle, som eg har lasta ned mange bøker på.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– I løpet av dagen er eg stortsett innom nettavisen, stern, Huffington post, facebook og instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Å leve vel. Leve, kjærleik, le, grine, føle, lære, undre, danse, synge, nyte augenblinken, vere glad og trist, feile, tore å vere seg sjølv og vere fornøgd med det. Ei lita dose galskap og sjølvironi. Det er dei små tinga som tel.