Namn: Hanne Rye Hanssen Alder: 24 år Sivilstatus: kjærast Bustad: Oslo, men kjem frå EidYrke: student/musikar

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er vel mest oppteken av musikk. Det er det eg studerar og også det eg brukar mykje av fritida mi på. Det går med ein del tid til skule og øving, og i år skriv eg også bachelor i populærmusikk, så eg har ikkje alltid plass til så mykje anna i hovudet.

– Kva gjer du på fritida? – På fritida likar eg å gå på konsertar, vere med vener, drikke vin og spele brettspel. Og så går det med ein del tid til å lese bøker. TLC er også ein favoritt

– Kven beundrar du? – Mamma. Ho set alltid alle andre framfor seg sjølv.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med Eid tykkjer eg er operahuset og Eidsgata. I operahuset har dei verkeleg fått til noko som ein ikkje ser på mange andre stader, og i Eidsgata er det alltid triveleg å vere, med mange kjekke plassar og ikkje minst kjekke folk. Også Malakoff då, sjølvsagt.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Jente (24) frå Nordfjordeid vann førstepremiepotten i lotto!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag? – Bestilt kake til alle som jobbar i Eid Kommune. Og ei til meg sjølv.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Første gongen eg var på konsert i Oslo Spektrum. Eg var 16 og hadde «lurt» med meg ei venninne som ikkje visste kva vi skulle sjå. Eg var storfornøgd, men eg veit ikkje om ho tykte det same.

– Kva har du på nattbordet? – Eg har ikkje nattbord, men på golvet ved sida av senga plar eg å ha ei vassflaske, boka eg held på å lese, briller og lypsyl. Akkurat no les eg Dødsarkiv av Jørn Stubberud. Utruleg spanande.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, Gmail, Dagbladet, Instagram, Itslearning, Timeedit og Gaffa er dei eg kjem på sånn i farta.

– Kva er meininga med livet? – Å ha det bra. Korleis ein gjer det er opp til ein sjølv.