Namn: Marit Sætren

Alder: 56 år

Sivilstatus: gift, tre barn og tre barnebarn

Bustad: gate 6, Måløy

Yrke: læra

– Kva er du mest oppteken av?

–  Eg er oppteken av samfunn og levekår rundt om i verda fordi eg er samfunnsengasjert og nysgjerrig, og ønsker meg ei mer rettferdig verd. Dessuten er det viktig for jobben min å halde meg orientert. Elles er eg oppteken av familien min, og ikkje minst barnebarna.

– Kva gjer du på fritida?

– Mykje av fritida brukar eg på barnebarna på 2, 3 og 5 år, gjerne kombinert med å vere ute i friluft. Eg likar å gå tur og så syng eg i Måløy Songlag. Hagestell er også kjekt.

– Kven beundrar du?

–  Eg beundrar dei som prøvar å skape fred i verda, og dei som hjelp folk i naud. For eksempel Leger uten grenser. Dessuten beundrar eg alle som har tunge omsorgsoppgåver, for pågangsmotet deira, anten dei er pårørande eller profesjonelle.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– At eg bur blant familie og vener, har flotte kollegaer på Skram skole og kjekke sambygdingar. Dessuten kan eg sitte i stova og nyte den fantastiske utsikta over Måløy og havna i all slags vêr. Det er herlig!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– På førstesida står det at Nergård får bygge sildoljefabrikk på Trollebø, og at folketalet aukar jamt i Vågsøy kommune.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg har tidlegare takka nei til å vere ordførarkandidat, så eg har ikkje noko ønske om å vere det.

– Kva kulturopplevingar hugsar du best?

– Det største har vore å få delta sjølv med song på oppsetningar både med Måløy musikklag, Opera Nordfjord og Måløy songlag. Ei konsertoppleving i kirka i Bremanger for mange år sidan, med Iver Kleive og Knut Reiersrud, sitt også igjen som noko heilt spesielt.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet har eg hageblad, leste, halvleste og uleste bøker, mobil, briller og handkrem.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Litt varierande, men nyheter, facebook, nettbank og nrk.no er mest brukt.

– Kva er meininga med livet?

– For meg er kjærligheit og omsorg det som gir livet meining.