Namn: Rosita Ervik Alder: 29 årSivilstand: Sambuer med Louise, bonusmamma til Krisander på 4 årYrke: assistent i Leikvang Barnehage Bustad: Leikanger på Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av? – At alle rundt meg har det bra.

– Kva gjer du på fritida? – Styrer heime, brukar tid saman med mine to, familie og gode vener.

– Kven beundrar du? – Sambuaren min. Ho er så viljesterk og god.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Folka som bur her og den flotte naturen.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Håndball VM 2019 blir på Stadlandet!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Samla dei eldre i kommunen til eit hiva julebord, på kommunen si rekning. Samt inngått avtale med Norled om hurtigbåt fra Stadlandet til Ålesund.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Første gong Dragseidspelet blei vist i 1997.

– Kva har du på nattbordet? – Telefon, iPad og nattlampe.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, VG, Tv2 og Fjt.

– Kva er meininga med livet? – Å jobbe for at ein sjølv og andre har det bra. "Live, love, laugh" Eit godt livsmotto.