Namn: Wenche Johannessen Alder: kjenner meg ikkje eldre enn 25 år, men er 33 år. Sivilstatus: sambuar med Rune P. Hausle, og har tre born. Aurora 9 år, Ole Kristian 8 år og Karl Emil 8 mnd Bustad: KalvågYrke: inspektør i Fiskeridirektoratet region vest. For augneblinken jobbar eg 40 prosent og den resterande tida er eg heime i mammapermisjon med lisjegullet.

– Kva er du mest oppteken av? – Familien og vennane mine fordi dei er dei viktigste personane i livet mitt. Rettferd, likeverd og respekt for enkeltmenneske. Meiner dette er ekstra viktig i ei tid der det har blitt meir fokus på det negative og vonde som skjer ute i verda.

– Kva gjer du på fritida? – Kvalitetstid med mine håpefulle, og diverse husarbeid både ute og inne. Og ikkje minst trakke seg ein tur i fjellet om moglegheita byr seg. Det gjer godt for kropp og sjel.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar folk som har og har hatt mykje motgang i livet, og som likevel klarer å sette pris på seg sjølv og andre rundt seg.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Ein veldig fin plass med mykje flott natur. Og ikkje minst så bur det mange kjekke og trivelege folk her.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Fleire arbeidsplassar i Bremanger kommune, og at Statens vegvesen set i gong opprusting av vegane i Bremanger kommune.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Innført ein frivilligheitssentral i Bremanger, liknande Vågsøy. Der dei fokuserer på å formidle kontakt mellom menneske i lokalmiljøet, som igjen skal bidra til auka livsglede og inkluderande fellesskap. For eksempel frivillige som besøker eldre som er mykje aleine. Hjelpe dei med handling av matvarer og liknande.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Kystkulturfestivalen og forbundet Kysten sitt landsstemne i Kalvåg for nokre år sidan.

– Kva har du på nattbordet? – Lampe, duk, smokk og telefon.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Sol.no, Dagbladet, Fiskeribladet Fiskaren, Facebook og Fjordenes Tidende.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er vel blant anna å gjere det beste ut av det, kose seg, ha det artig og ikkje minst ta vare på kvarandre.